Folk
Publisert 09. mars 22
Av: Børge Sildnes

Trivst mellom bre og hav

Torkjel Bruland Lavoll kryssar fylkesgrensa for å treffe medlemmane i lokallaget sitt.

Publisert 09.03.2022
Av: Børge Sildnes
Bilde av Torkjel Bruland Lavoll, Sogn og Fjordane arkitektlag (SoFA)
Torkjel Bruland Lavoll, leiar i Sogn og Fjordane arkitektlag (SoFA)

Arkitekten er leiar i Sogn og Fjordane arkitektlag (SoFA). No bur og jobbar han i Volda i nabofylket Møre og Romsdal, og er berre ein sjelden gong innom Nordfjordeid-kontoret til arbeidsgjevaren Nordplan.

- Eg er født og oppvaksen i Førde. Gjekk ut frå NTNU i 2008 og jobba lenge i Trondheim og ei stund i Lofoten og Vesterålen. Så hamna eg i Volda på grunn av mykje bra folk, gode kulturtilbod, gode jobbmoglegheiter og stor variasjon i natur. Eg trivst midt i sunnmørsalpane, med 45 minutt til Jostedalsbreen austover og 45 minutt til havet vestover, seier Torkjel.

Det blir ikkje større fagmiljø enn ein lagar sjølv

Torkjel Bruland Lavoll, leiar i Sogn og Fjordane arkitektlag

I Nordplan, som er eit tverrfagleg rådgivingskontor, har dei ein god miks av private og offentlege oppdrag.

- Dei siste åra har vi hatt rammeavtaler med helseføretak og kommunar, som har generert mykje godt arbeid. Av anna vi jobbar med kan eg nemne reiselivsprosjekt, industri, stadsutvikling og bustadar. Vi seier sjeldan nei og har svært stor variasjon i oppdrag.

- Kvifor ville du bli leiar i SoFA?

- Det blir ikkje større fagmiljø enn ein lagar sjølv. Tenkte at eg kunne bidra litt her, så kan eg påverke kva som skal arrangerast.

Torkjel har ikkje tidlegare vore aktiv i lokallaget. - Det er mykje nytt slik sett, men ei fin erfaring å ha med seg, seier han.

- Kva blir dei viktigaste sakene for SoFA dei komande månadene?

- Vi har jobba litt med å få splitta opp dei store oppdragsutlysingane slik at mindre kontor og har moglegheit til å gje tilbod. Elles pleier vi å ha ei samling med overnatting på våren og ei på hausten med fag, mat og fest.

- Elles er det viktigaste med lokalaget å treffe andre med same fagbakgrunn. Ein kjenner på dei same utfordringane og kan utveksle erfaringar. Vi står sterkare i lag.

- Så håper eg at vi kan bli flinkere til å jobba meir politisk og bli betre på å påverke beslutningstakarar og leie dei i vår retning, avsluttar leiaren i Sogn og Fjordane arkitektlag.