Bylivsenteret
Publisert 28. september 22
Av: Perann Sylvia Stokke

Bylivkonferansen 24.-25. oktober: Kor mange fleire fritidsbustadar toler utmarka?

Utmarka har i lange tider vore ein viktig fellesressurs for jordbrukarar og jegerar. I nyare tid har utmarka vorte prega av store endringar, der nye typar utnytting kjem i stadig større konflikt med tradisjonar og berekraftig bruk.

Publisert 28.09.2022
Av: Perann Sylvia Stokke
Utmark i endring Bjørn Egil Flø
Utmark i endring. Bjørn Egil Flø står bak forskningsprosjektet og er medredaktør for boka med same namn.

Bjørn Egil Flø er ein av initiativtakarane bak forskningsprosjektet og medredaktør for boka «Utmark i endring», med bidrag frå ulike fagfelt som geografi, sosiologi, jus, økonomi og filosofi. Boka gir ulike perspektiv på endringane i utmarka, og kan fungere som eit diskusjonsgrunnlag for dei utfordringane som næringar, brukarar og forvaltarar av utmarka står overfor.

Flø er ein av foredrags­haldarane på Bylivkonferansen på Beitostølen i oktober. Me har stilt han nokre spørsmål om utmarka:   

– Kva tenker du er den største utfordringa med veksten i hyttebygginga i fjellområdane?

– Utfordringa er den samla belastninga som hyttebygginga føre med seg. Det er lag på lag med utfordringar som kvar for seg ikkje nødvendigvis er store, men som samla vert vanskeleg. I tillegg råkar også belastningane ulikt, det er særleg dei tradisjonelle utmarksbrukarane som opplever dei største ulempene med denne industrien, samstundes som også talet på tradisjonelle brukarar krympar for kvart år. I lang tid no har både hyttekjøparar og utbyggjarar segla i ein økonomisk og politisk medvind, parallelt med at dei tradisjonelle brukarane kring om har tapt demokratisk representasjon i fora som skal planlegge så vel som taka dei politiske avgjerslene. 

– Mange i Innlandet er opptatt av om beitebruk og økt turisme kan bli foreina. Kva slags tankar har du om dette?

– Me har over tid no dokumentert godt – både med tal og forteljing – kva utfordringane er og korleis dei råkar beitebrukarane. Me har også dokumentert det lokalpolitiske maktskiftet der beitebrukarane i Fjell-Noreg i aukande grad vert sett til sides i desse spørsmåla. Skal desse næringane kunne gå saman framover, lyt den politiske makta mellom dei ulike interessene balanserast betre. Ein stad å starte kan vere å gi beitebruksplanar og beitekvalitetskart større plass i planarbeidet for hytteutviklinga.   

Bjørn Egil er forskar ved NIBIO og utdanna sosiolog frå NTNU med fordjupning i bygdesosiologi. Han har ein brei portefølje med forskningsprosjekt som spenner over tema som næringsutvikling, distriktspolitikk, bygdekultur, miljøsosiologi og mykje meir.