Visningssenter ved Astruptunet
Sunnfjord kommune inviterer til ein plan- og designkonkurranse om nytt visningssenter ved Astruptunet, kunstnarheimen til Nikolai Astrup.
Norske arkitekters landsforbund kunngjer denne plan- og designkonkurransen på vegne av Sunnfjord kommune.
Ved oppstart av konkurransen 18. mars blir det heldt eit digitalt seminar. Da kjem oppdragsgjevar til å presentere konkurranseoppgåva og sine forventningar til prosjektet. Det vil vere høve til å stille spørsmål til konkurranseprogrammet og konkurranseforma.
Du kan melde deg på her.
Gjennom aktivt samarbeid mellom Musea i Sogn og Fjordane, Sunnfjord kommune, KODE i Bergen og reiselivsbransjen skal denne store satsinga utvikle eit unikt opplevings- og reiselivsprodukt i aksen Bergen-Sunnfjord innan kunst og kulturfeltet, som kan ha både nasjonal og internasjonal gjennomslagskraft.
Plan- og designkonkurransen startar med ein innleiande open prekvalifisering. Der skal det anonymt leverast ei konseptskisse for visningssenteret på opptil tre A3- sider. Utvelgingskomitéen/juryen vil velgje ut inntil fire skisseforslag som går vidare til plan- og designkonkurransen. Dei fire deltakarane vil få 400 000 kroner ekskl. mva. i honorar per team for eit fullutvikla konkurranseprosjekt.
Konkurransen er lagt ut på Mercell/Doffin og vil vere tilgjengeleg der innan eit par dagar.