Kurs og arrangement
Publisert 06. desember 21
Av: Gitte Langlo / Sara Brubæk Bua / Aslaug Øyehaug

MØBEL OG ARKITEKTUR I SYKKYLVEN

Det var med begeistring at Møre og Romsdal Arkitektforening og Møregruppa NIL inviterte til fagdag og fysisk samling i Sykkylven på torsdag 28.oktober 2021!

Publisert 06.12.2021
Av: Gitte Langlo / Sara Brubæk Bua / Aslaug Øyehaug

Vi vart tatt imot av Sindre G. Flo og fekk omvisning på Ekornes med presentasjon av alt frå klassikarar til årets kolleksjon. Ein spennande film med historikk og dagens ståstad spedde på informasjonen.

Høgdepunktet var likevel å få kome ned i det heilagste, sjølve fabrikken, der vi fekk sjå siste skrik av strikk!
Det var utruleg spennende å sjå korleis tre strikkemaskiner , som arbeida i opp til tre lag samtidig, kunne produsere ferdige trekk over natta. Maskinene strikka i 3D, ingen klipping, ingen saum, berre å tre det på stol eller sofa.
Dette gjev store muligheiter innan skreddersaum, og verker veldig lovande i forhold til klimautfordringar. Smarte måtar å demontere stolrygg og sete for å skifte trekk var innarbeid i fleire modellar. Laila Helen Grebstad presenterte og gav oss kyndig og lettforståeleg informasjon.

Vi fekk nydeleg lunsj i kantina, og fekk også oppleve dei store forholda på fabrikken.

Turen gjekk vidare til rådhuset der vi fekk spennande foredrag om byutvikling av Njell Hoftun og
Bjørnar Midtbust fortalde om den fl otte skulen dei er i ferd med å byggje i Sykkylven !

Etter ei kjapp byvandring venta deilig mat og hyggeleg fagprat på Berlihuset.
NILar Svein Asbjørnsen som eig Berlihuset, fortalde om historia og framtida der.
Takk for turen alle sammen!