Nytt
Publisert 22. desember 21
Av: Gitte Langlo

Julehelsing frå styret

Publisert 22.12.2021
Av: Gitte Langlo

Oppsummering 2021

Kjære MAF’arar, då har vi lagt bak oss nok eit korona-år, og det har også prega aktiviteten til MAF.

Styret har likevel hatt hyppige møter, og vi har saman med NIL Møregruppa fått til ein digital møteplass på Teams i form av «Digital arkitektlunsj».

Det har vist seg å vere ein super måte å nå ut til mange fleire av dykk, og samtidig få vist fram kva medlemmane held på med og er opptekne av.

  • Karoline Skytterholm Gullaksen, frå Rom AS i Ålesund, var først ut og presenterte masteroppgåva si «Forbli» om gjenbruk av konstruksjonar og materialar.
  • Helge Aarseth oss eit spennande rehabiliteringsprosjekt med tilbygg til ein eit eldre hus i Valldal.
  • I mai hadde Janine Müller et interessant foredrag om eigen bolig «Munkevilla» .
  • Etter ferien fekk vi først ein leverandørpresentasjon frå Spilka Building Solution og deira nye fasadeprodukt.
  • I oktober, hadde Hallvard Huse eit foredrag om korleis han nennsomt har rehabilitert Gamlehuset i Setervika på Aukra og kombinert det med eit spenstig glass-tilbygg.
  • Sist ut i år var Sara Brubæk Bua frå Arkitektene BBW AS. Ho fortalde om motivasjonen for å flytte heim til Romsdalen, som førte ho og familien til ei vakker tomt på Bolsøya utanfor Molde der dei har bygd eit hus spesielt tilpassa familien og uteaktivitetar.

Det har vore ein fryd å vere tilhøyrar og veldig kjekt å sjå at det blir gjort mykje spennande i vår region, så vi vil med dette igjen sende ein stor takk til alle de som har vore med og vist fram flotte prosjekt! Foredraga er korte, men proppfulle av gode idear og flott arkitektur presentert av engasjerte foredragshaldarar, så dette vil vi prøve å fortsette med.

Av fysiske møter har vi berre hatt eitt i år, og det var eit veldig innhaldsrikt og interessant halvdagsseminar i Sykkylven saman med NIL Møregruppa i oktober (sjå eige innlegg om dette på MAF's nettside/Sykkylven).

 

Planar for 2022

Programmet for våren har mest fokus på digitale arkitektlunsjar og er allereie spikra. Det er lagt ut på MAF's nettside/vårprogram så merk av datoane i kalenderen.

Vi håper også å kunne ha fysiske møter, og har plan om å halde årsmøte med omvisning på PIR i februar, samt å få til ein ekskursjon til Romsdal og Nordmøre som eit todagars-arrangement før sommaren. NAL har også planar om eit farge-kurs i Ålesund i slutten av mai. 

I tillegg prøver oss igjen med fysisk Arkitektlunsj i Ålesund. I år flyttar vi oss litt og møtast på kafeen på PIR første onsdag i månaden frå februar av. Vi håpar å treffe flest mogleg av dykk anten på disse møta eller digitalt!

Då vil vi berre ønske alle God Jul og Godt Nyttår, og håper på eit meir koronafritt 2022!

Helsing Møre og Romsdal Arkitektforening