Nytt
Publisert 24. januar 25
Av: Møre og Romsdal arkitektforening

Opning av ny gateterminal i Ålesund sentrum

9. januar var det offisiell opning av den nye gateterminalen i Ålesund sentrum. Møre og Romsdal arkitektforening var godt representert på opninga.

Publisert 24.01.2025
Av: Møre og Romsdal arkitektforening
Styret og medlemmer i MAF jublar for opning av ny gateterminal i Ålesund sentrum. Foto: Bypatrioten.
Styret og medlemmer i MAF jublar for opning av ny gateterminal i Ålesund sentrum. Foto: Bypatrioten.

Det nye kollektivknutepunktet i byen har skapt ein del debatt, både positive og negative reaksjonar. 

Møre og Romsdal arkitektforening var godt representert på opninga, og styreleiar Gitte saman med Anna, Gudmund og Silje fra styret, stilte opp med plakatar og jubel for å syne sitt positive engasjement til det nye byrommet. 

Vi i styret meinar det er viktig at vi som arkitektar er med på syne vårt engasjement i byutviklinga, og ønske å få fram at vi synest dette har blitt eit flott byrom med plass til mennesker som skapar liv i byen vår. 

Vi trur og håpar at det positive engasjementet kan vere med å få fleire til å sjå dette som ei oppgradering av byrommet er eit steg i riktig retning for utviklinga av byen.

 

Sjå artikkel i Sunnmørsposten 

Foto: Bypatrioten
Foto: Bypatrioten
Foto: Bypatrioten
Foto: Bypatrioten
Foto: Bypatrioten
Foto: Bypatrioten