Kurs og arrangement
Publisert 24. november 20
Av: Annicken Vargel
Årsmøte og foredrag med Spacemaker
Arkitekt Arne Bjelland vil presentere det norske skybaserte AI-verktøyet Spacemaker. Etter presentasjonen avholder vi årsmøtet i SoFA.
Publisert 24.11.2020
Av: Annicken Vargel
Illustrasjon hentet fra verktøyet Spacemaker
Dette blir eit digitalt møte på Teams og du vil motta invitasjon til møtet på e-post saman med årsmelding og regnskap.
I SoFA sine vedtekter står det at innkalling skal sendast minst tre veker i førevegen og innspel skal sendast styret senast to veker før årsmøtet. Innkallinga for dette årsmøtet held ikkje desse fristane, men vi vonar vi likevel kan gjennomføre årsmøtet. Om ein ikkje er enig i dette, ta kontakt med leiar Torkjel Lavoll snarast.
Innspel til agendaen meldast inn til Torkjel Bruland Lavoll på tl@nordplan.no innan fredag 27. november.
Program 3. desember 2020
14:00 Arne Bjelland presenterer Spacemaker
Spacemaker er eit svært spennande verktøy for tidlegfase planlegging.
Les mer på Spacemakerai.com
15:00 Årsmøte
- Godkjenning av innkalling
- Val av møteleiar
- Val av referent
- Val av to til å underskrive protokollen
- Årsmelding 2019
- Rekneskap 2019
- Fastsetjing av kontigent
- Budsjett
- Val av varamedlem
- Evt. ymse