Folk
Publisert 28. oktober 24
Av: Annicken Vargel

Engasjerte medlemmer: Christina Skancke Sørheim

– Arkitektar har eit yrke som gjer at vi har eit særskilt samfunnsansvar. Da må vi og ha mot til å adressere og diskutere dei problemstillingane som kjem opp, seier Christina Skancke Sørheim. Ho er medlem av Etikk- og tvistekomiteen i NAL.

Publisert 28.10.2024
Av: Annicken Vargel
Christina Skancke Sørheim, medlem av Etikk- og tvistekomiteen i NAL.
Christina Skancke Sørheim, medlem av Etikk- og tvistekomiteen i NAL.

– Kvifor har du vald å engasjera deg i NAL?
– Eg valgte å engasjera meg i arbeidet til NAL fordi eg ønska å utvide horisonten og sjå utover det daglege arbeidet på kontoret. Etter mange travle år med prosjekt tenkte eg at det kunne vera fint å løfta blikket og få nye faglege utfordringar og delta i interessante diskusjonar. Eg meiner og at arkitekter har eit yrke som gjer at vi har eit særskilt samfunnsansvar. Det vi bygger får konsekvensar for så mange og det kan endre karakteren av ein stad betydeleg. Då må vi og ha mot til å adressere og diskutere dei problemstillingen som kjem opp, og vi må våge å sei ifrå. NAL er ein viktig aktør i så måte.

– Kva får du fagleg ut av arbeidet som medlem av komiteen?
– Det er veldig spennande å sitte i komite for etikk og tvist. Vi får saker av veldig ulik karakter, og det er givende å jobbe med ein gjeng med så engasjerte og dyktige arkitekter. Vi er overraskande enige om utfallet av dei problemstillingane vi tar opp. Det handlar både om kva vi mener er etisk riktig, men det må og begrunnes med dei etiske reglane som vi sjølv har vore med å revidere.

– Kva gjer du på jobb – og på fritida?
– Eg arbeidar på eit relativt lite kontor og vi har eit bredt spekter av arbeidsoppgaver. Arbeidet er alt fra reguleringsplanar, mogelegheitsstudie til detaljprosjektering av større byggeprosjekt. Det kan vera både små tilbygg, ombygging av einebustader til større leilegheitsprosjekt. Ein gong i veka er vi ein gjeng som går på croquis. Eg set pris på at vi i ei lita bygd har eit slikt tilbod, sjølv om vi må jobbe litt for å få tak i modellar. Sidan eg bur i ein del av landet med flott natur, vert denne brukt til springe-, gå- og skiturar. (men ikkje så flittige som eg gjerne skulle ønske).