Open arkitektkonkurranse om Jon Fosse-senteret offentleggjort
Ei ope arkitektkonkurranse om Senter for Jon Fosse i Strandebarm i Hardanger er no offentleggjort.
Det er Fosse-stiftinga som står bak utviklinga av Jon Fosse-senteret, og Norske arkitekters landsforbund er valt som rådgjevar gjennom heile konkurranseprosessen.
Plan- og designkonkurransen gjeld eit nytt formidlingsbygg for Jon Fosse. Konkurransen startar med ei ope prekvalifisering, der deltakarane skal levera «Konseptskisse for Fosse-senteret» på inntil tre A3-sider, anonymt.
Juryen vil velja ut inntil tre forslag som går vidare til sjølve plan- og designkonkurransen.
Konkurransen vil vera open for arkitektar og landskapsarkitektar med godkjend eksamen tilsvarande mastergrad, eller personar og firma som kan dokumentera tilsvarande kompetanse.
Jon Fosse er ein verdskjend forfattar som er omsett til meir enn femti språk. I 2023 fekk han Nobels litteraturpris for «nyskapande dramatikk og prosa som gjev stemme til det useielege», frå Svenska Akademiens grunngjeving.
No er planen å byggja eit senter for formidling av Jon Fosse sin forfattarskap på Tangerås i Strandebarm, der han voks opp. Landskapet her er det han omtalar som det «inste» landskapet sitt, og det spelar ei viktig rolle i forståinga av kunstnarskapen.
Senteret skal ta vare på og styrkja samanhengen mellom Fosse sin kunst, nynorsk språk og landskapet i Strandebarm, og leggja til rette for nye kulturuttrykk med nasjonal og internasjonal relevans. Her skal publikum kunna oppleva scenekunst, musikk og utstillingar, samstundes som det vert rom for refleksjon med utsyn til fjorden.
Det nye bygget skal ha høg arkitektonisk kvalitet og, i samspel med landskapet, spegla Fosse sin kunstnarskap. Samstundes skal det bidra til eit rikt og mangfaldig kulturliv.
Norske arkitekters landsforbund er rådgjevarar for konkurranseprogrammet, konkurransefunksjonær og jurysekretær.
Frist for prekvalifisering er 3. juli 2026 kl. 12.00.
Lenkje og agenda til oppstartsmøte er publisert i Mercell, under tilleggsinformasjon.