Medlem
Publisert 22. desember 20
Av: Annicken Vargel

Julehelsing frå styret

Publisert 22.12.2020
Av: Annicken Vargel

Oppsummering 2020

Da er nok eit år over, og for et spesielt år! Vi her i Møre og Romsdal har kanskje ikkje fått kjenne så veldig hardt på koronakrisa i forhold til andre delar av landet, så det må vel seiast at vi hittil har vore ganske heldige. Likevel er det meste av arbeidsliv, kvardag og fritid blitt endra på fleire måtar. Dei fleste har fått prøve heimekontor over lengre tidsrom og våren var nok ganske krevjande for dei av dykk som har barn i barnehage- og skulealder. Likevel har eg inntrykk av at dei fleste arkitektkontora har hatt greitt med arbeid, og vi kryssar fingrane for at det vil vi også ha i 2021.

Aktiviteten til MAF har vore veldig amputert dette året. Vi starta ut med ganske ambisiøse planar, men det meste har vi blitt nøydd til å utsetje. Eg er svært nøgd med at vi greidde å få til ein «sommarfest» i Molde 4. september, og at vi har kunne tilby dykk nettkurs betalt av MAF i løpet av året, blant anna Arkitektens dag i november. Dialogen med NAL og Mette L’orange om kurs her i fylket vart stoppa av korona, men resulterte i at Mette gjennom Forum Farge tilbydde gratis webinar om farge med to interessante foredrag frå ekspertar på fargesetting av omgivelsane våre. Dei har lova å legge ut link til disse, så eg skal sende dykk denne så snart vi får den.

Planar for 2021

På grunn av situasjonen har vi ikkje laga noko program for våren 2021, men legg opp til at vi kan gjennomføre årsmøte på Teams i slutten av februar. Her kjem vi attende med dato.

Eg har som styreleiar hatt planar om å få til eit diskusjonsforum på Teams, men pga. høgt arbeidspress i haust så har eg måtte skyve på det også. Her vil eg utfordre dykk alle til å kome med innspel til diskusjonstema, så kan vi prøve å få det til no på seinvinteren. Vi er elles svært interessert i tilbakemelding frå dykk, gjerne innspel om kva vi bør jobbe med.

Vi har gjort avtale om å vere medlem i Framtidslaben eit år til. Her vil eg utfordre dei av dykk som held til i Ålesundsområdet til å engasjere dykk meir i korleis vi kan nytte denne arenaen betre når koronaen slepp taket.

Arkitektlunsjane håpar eg også at vi kan få dratt i gang igjen nærare sommaren, og håpar på god oppslutnad etter eit år med lite kollegialt samkvem.

Då gjenstår det å ønske alle ei nydeleg julefeiring, god juleferie og alt godt for det nye året! Hald dokke friske og raske 

Julehelsing frå leiar Gitte Langlo, på vegne av Styret i Møre og Romsdal arkitektforening