Konkurranse
Publisert 21. januar 22
Av: Annicken Vargel

Sjå konkurransebidraga for Urnes verdsarvsenter

I oktober 2021 vart det lyst ut ein offentleg plan- og designkonkurranse for Urnes verdsarvsenter, på oppdrag frå Fortidsminneforeningen. Interessa for konkurransen har vore stor; 124 bidrag er med, og no kan du studera alle forslaga.

Publisert 21.01.2022
Av: Annicken Vargel
Tomta ligg som ein trekant i lia til høgre for det raude bygget. Urnes stavkyrkje skimtast øvst og til høgre i bildet. Foto: Veri Media
Tomta ligg som ein trekant i lia til høgre for det raude bygget. Urnes stavkyrkje skimtast øvst og til høgre i bildet. Foto: Veri Media

Det nye besøkssenteret for verdsarven Urnes stavkyrkje skal etter planen opna i 2024, føresett at det no blir løyvd betydelege middel over statsbudsjettet. Til no har verken førre eller noverande regjeringar prioritert dette, trass i at Miljødirektoratet i oktober 2019 autoriserte Urnes som verdsarvsenter med planar for bygging i tråd med ambisjonane til regjeringa for verdsarven i Noreg.
Heller ikkje arkitektkonkurransen fekk dei nødvendige midla i 2020/21, men private og kommunale middel på til saman 1,7 millionar kroner gjorde det likevel mogleg å gjennomføra konkurransen – ein milepæl i arbeidet med å realisera prosjektet.
Senteret skal bidra til å styrka lokalsamfunnet gjennom auka lokal verdiskaping og gi besøkande ei best mogleg oppleving på Ornes. Verdsarvsenteret skal gjera det mogleg å oppfylla høge ambisjonar for formidling og vera navet i eit heilskapleg publikumstilbod som knyter saman formidlinga om stavkyrkja, verdsarven, kulturmiljøet og landskapet.

– Senteret skal tilføra kvalitetar, men først og fremst bidra til å forsterka dei som allereie er. Når ettertida skal vurdera bidraget vårt til historia skal det stå klart at stavkyrkja, kulturlandskapet og naturen framleis speler hovudrollene, sa generalsekretær Ola H. Fjeldheim da konkurransen vart lyst ut i oktober 2021.

– Eg synest det er fantastisk morosamt at det har komme inn så mange forslag. Det er tydeleg at dette er eit oppdrag som inspirerer og utfordrar arkitektar, ikkje berre nasjonalt men også internasjonalt, seiar Margrethe C. Stang, styreleiar i Fortidsminneforeininga og juryleiar. Ho og resten av juryen er i full gang med å gå igjennom alle dei 124 forslaga.